|
|
KULTURFORMIDLING
FOTOKVELDAR
Framvisning av gamle bilete på skjerm. Passar for grendakveldar, årsmøte eller andre sammenkomster.
SONG OG SPEL
Prestentasjon av slåttar og nordmørsk spelmannshistorie med Gro Kjelleberg Solli, song, zither, fløyte, tangent, Tor Erik Jenstad, trekkspel, Peder Hønsvik, trekkspel, Rolf Holte, gitar, kontrabass, fele og meg sjølv, Helge Husby, fele, hardingfele og song.
HALTVIKFORESTILLING
Vi kjører for tida ein presentasjon av spelmannen Harald Haltvik (1889-1984) frå Angvika gjennom musikk, framsyning av gamle foto, avspeling av originalopptak av spelmannen og fortelling. Dette er ei presentasjonsform som fenger publikum. Les Tidens Kravs omtale.
Presentasjonen tek omkring 1 t 15 min. Dette kan tilpassast, om ein vil. Speling til dans etter forestillinga kan avtalast.
For større arrangement har Nordmøre spelmannslag eit kulturprogram på omkring ein time.
PRESENTASJONEN OG KONSERTEN "EIT KULTURFOLK PÅ VANDRING"
Laila Marie Yrvum har i fleire år formidla dei reisande sin
musikktradisjon, og ho har halde mange konsertar kring i landet. Ho
har m.a. gjeve ut CD-en GIA og SE MIN ILD, der dei reisande sine viser og slåttar
blir presentert på ein mest muleg opphaveleg måte, og ho har gjeve
ut viseboka "Viser på vandring" sammen med Lasse Johansen. Det er stor interesse for dei reisande sin kultur og historie - ei historie som har mange
mørke kapittel - men som òg fylt med glede og gode minne. Det er
ikkje minst dette siste som opptek Laila Marie Yrvum.
Laila Marie Yrvum fortel gjennom konserten om dei
reisande sin kultur frå sin bakgrunn i romanifolket, og vi får høre
viser på taterane sitt eige språk, romani. Ho syng og spelar gitar,
i samspel med andre. Programmet
tek omkring ein time, men kan utvidast, etter avtale.Dette er ein presentasjon som høver
godt for historielagskveldar, museum og andre høve.
Såleis kan ein slik presentasjon vere i samband med ein temakveld om
dei reisande, med t.d. utstilling av gjenstandar.
|