Fotoside
Heimeside | Hørkelgaddan | Nordmøre spelmannslag | Slektsside | Foto
Biletet
til venstre er eit gammelt prospektkort med motiv frå
Vingsnesgardane i Aure.
I Aure er det fleire
fotosamlingar. Den største, samlinga etter hans Ormset, er på
4558 negativglasplater. Barnebarnet Einar Ormset eig no platene
og fotoutstyret. I samarbeid med Aure kommune, kulturkontoret og
fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal fylkeskommune er desse
verdiane sikra for ettertida ved avfotografering og skanning og
brenning på CD-ROM-plater. I tillegg til desse, er det ein del
plater som fotografen har skreve "privat" på, og som
ikkje er med i det offentlege prosjektet.
Anders
Skogset (1864-1938) var ein annan fotograf i Aure, og Aure
kommune har i samarbeid med Aure historielag skanna og brent 307
av dei bevarte glasplater på CD-plater.
I tillegg er det ennå
mange private samlingar rundt omkring i Aure, til hausten
2000 blir det starta ei generell fotoinnsaling. Dette er eit
samarbeid mellom Aure kommune, Aure historielag og
Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal.
Her viser eg nokre private foto:
Aure kyrkje, bygd 1924 - i vinterdrakt (klikk for stort bilete)
Fiskarbyen Petersburg i Alaska var grunnlagt i 1898 av Peter Thams Buschmann frå Aure. Ein delegasjon frå Aure kommune, folkemusikkgruppa Hørkelgaddan og folkesongaren Gro Kjelleberg Solli var i Alaska på 100-årsjubileum i mai 1998.
Tremenningar i Petersburg i bunadar dei har
fått av bestemor si frå Gyl. Framføre Sons of Norway Hall, som
er midtpunktet i alt kulturliv der, ikkje berre det norske.
Gro Kjelleberg Solli, Helge Husby og Roxy Lee i
Lutheran Church, Petersburg.
Foto: Edwin Fuglvog
Norman Otness (2. generasjons Valsøyfjording)
og familien hans i Petersburg.
Foto: Edwin Fuglvog
E-post: helge@fosnakultur.no