Slektsside
Heimeside | Hørkelgaddan | Nordmøre spelmannslag | Slektsside | Foto
![]() |
Frå tidlege barneår har
eg vore oppteken av slektshistorie. Eg trur det er
spesielt to grunnar til det. Far min var glad i slekta og
var bevisst med å fortelle det han visste om folket og
plassane der folket vårt har vore gjennom tidene. For
det andre, hadde eg lite nær slekt på farsida her i
Norge. Eg vaks opp med Amerika og Norge om einannan. Der
borte var folket mitt! Biletet til venstre syner oldefar
Erik Husby og oldemor Randi Husby f. Gjeldnes med
borneborna Ragnhild og Erik, far min. Mrs. Mary de Rosia,
som var venn av familien i USA, står bak. Bilete er teke
på trappa heime i Oppigarden på Gyl sist i 1920-åra,
da oldefar og oldemor var heime frå USA. Dei reiste alle
så nær som eldstesonen, Peder, til USA i 1905 til 1907.
Dei var 10 søsken, og 8 vart verande att i USA, medan
bestefar kom att og tok over garden etter å vore
skogsarbeidar og farmar i USA i 14 år. På linkane under kan du bla i slektstavlene attover på farsida mi på Nordmøre. Der kan kvar og ein finne slektningar, vil eg tru. Og så er det som Hans Hyldbakk sa: "E' du slekt på inner Normør, så hamna du før ell' sia oppi Nistuå på Nordvik." |
|||||||||||||||||
Slektstavler
Mine
aner på farsida
My patrimonial family
records
Maura Molver's Marvelous Family Home Page
My Alaskan second cousin's
family page
E-post: helge@fosnakultur.no