Folkemusikkgruppa Hørkelgaddan
Heimeside | Hørkelgaddan | Nordmøre spelmannslag | Slektsside | Foto
Folkemusikkgruppa Hørkelgaddan vart
danna hausten 1974 i Tingvoll på Nordmøre. Gruppa har
spesialisert seg på folkemusikk frå Nordmøre og har presentert
nordmørsmusikk på plater og i meir enn 25 radio- og TV-program.
Dei har spelt til dansefestar og konsertar eit utal gongar.
LP-MC-CD-produksjonar:
* Oppsong for nordmøringar (2 melodiar på nordmørsk
samleplate 1976)
* Slåttonn (Oppsong A/S 1977)
* Tøffelmusikk (Oppsong A/S 1981)
* Øyaslåttar (eige selskap 1981)
* Alle lopper som mor har, barneplate (Norsk plateselskap 1986)
* Ørsalmusikken (Heilo 1992)
Biletet er av Hørkelgaddan i Fir-Conway
Church, Washington, USA.
Frå venstre: Baard Aarnes, Helge Husby, Arild Hoksnes, Gro
Kjelleberg Solli, Rolf Kristian Holte og Tor Erik Jenstad.
Folkemusikkgruppa fekk Spellemannsprisen i 1981 for plata Tøffelmusikk og har hatt 47 konsertar for Rikskonsertane. Dei har også hatt turnéar i Polen (1983), Sverige (1989) og Washington og Alaska i USA (1998)
Bilete av Hørkelgaddan 1974 - Tingvoll gymnas
Bilete av Hørkelgaddan 1977 - Platepresentasjon
Bilete av Hørkelgaddan 2004 - konsert i Angvika
Orkesteret
Arild Hoksnes ( fele, torader og song)
frå Aukra er sjølvstendig næringsdrivande innan kultur og
media., busett i Melhus i Sør-Trøndelag. Han har m.a. utdanning
i musikk frå Universitetet i Trondheim.
Rolf Kristian Holte (gitar, mandolin)
frå Sunndalsøra og busett i Trondheim. Er utdanna
spesialsjukepleiar og arbeider ved Hemit i Trondheim.
Helge Husby (fele, hardingfele og song)
frå Gyl i Tingvoll driv eige firma, Fosna kultur og media. Han
har m.a. spelt 10 år i Vågå spelmannslag.
Tor Erik Jenstad (trekkspel, torader)
frå Gjøra er tilsett ved NTNU og har teke doktorgraden i
nordisk språk på ordgeografiske nemningar på fele og
hardingfele.
Baard Aarnes (bass, tangent)
frå Surnadal har hovedfag i musikk og er dagleg leiar av
Inderøy kulturhus i Nord-Trøndelag.
Gro Kjelleberg Solli (song, fløyte, tangent)
er frå Angvika og er busett i Os i Østerdalen. Songen etter
Magnhild Havdal Almhjell frå Tingvoll står hjartet hennar
nære, og ho er av dei fremste tolkarane av nordmørsk folkesong.
Ho har vore med på turné til USA og på konsertar i Norge sidan
1998.
Lytt til musikk av Hørkelgaddan
E-post: helge@fosnakultur.no