Velkommen til Helge Husbys heimeside
Heimeside | Hørkelgaddan | Nordmøre spelmannslag | Slektsside | Foto
Eg er
fødd i 1956 og oppvaksen på Gyl i Tingvoll kommune i Møre og Romsdal. Er utdanna skogtekniker og
har m.a. vore skogbruksplanleggar i Møre og Romsdal skogeigarlag
og lærar ved Statens skogskole Steinkjer. Frå 1985 var eg
lærar i skogbruk, og frå 1990 studieinspektør på Klones
vidaregåande skule i Vågå i Gudbrandsdalen. Har i tillegg til
skogteknikerutdanning høgskuleutdanning i ein del skogfaglege
fag frå NLH-Ås, offentleg administrasjon, ledelse, økonomi
frå Høgskulen i Nord-Trøndelag og informasjonsteknologi frå
Trondheim ingeniørhøgskole. Flytta til Aure, Møre og Romsdal
hausten 1996 og begynte som kulturkonsulent i Aure kommune. No bur eg i heimbygda Gyl i Tingvoll og driv mitt
eige firma, Fosna kultur og
media
I 1981-82 var eg i Gippsland, Victoria, Australia som gardskar på farm med mjølkproduksjon. Slike opplevingar er gode å ha med seg samme kva yrke ein vel seinare i livet.
Sidan 1974 har eg
spelt i folkemusikkgruppa HØRKELGADDAN. Gjennom desse åra har
eg opplevd store ting som tildeling av spelemannsprisen i 1981,
dansespelingar og konsertar over heile Norge og turnear i Polen,
Sverige og USA.
På heimesida til
Hørkelgaddan kan du lytte til folketonar frå Nordmøre. No er eg musikalsk leiar av NORDMØRE
SPELMANNSLAG,
som er spesielt presentert på eigne sider.
E-post: helge@fosnakultur.no